Tim Brentloffs Eventyr - Bøker med advarsel!

siste!

NY LYDBOK!

OBS! Tøff musikk og spennande bakgrunnslydar. Her kan du høyre heile historia om Tim Brentloffs reise til dødsriket Nivlheim. Og for første gong vil dei eldgamle, magiske formlane bli lest HØGT!

Ingen veit kva dette kan føre til.

Ein fattig, men modig student har påtatt seg det dristige oppdraget. Kun for å få noen hundrelappar som han kan feste for ... Tøff type.

Kjøp lydboka TIM BRENTLOFFS EVENTYR! Ei rå og spennende historie, magiske Odin-formler, tøff musikk og mange skumle bakgrunnslyder

Kjøp lydboka her

Bøkene i serien kan bestillast her


tim brentloff nominert til ark barnebokpris!

Den tredje boka om Tim Brentloff,

Skatten i dragegrotta,

er nominert til ARK barnebokpris 2008. Ein jury beståande av 11.000 skoleelever skal lese boka, og bestemme hvilken bok som går HEILT TIL TOPPS.

Heia, Tim Brentloff!


Bok nr. 1 "TIM BRENTLOFFS EVENTYR"

TIM BRENTLOFF er ein ung mann som drar på sommerferie til tanta si.


Båten forliser i ein fryktelig storm, og Tim Brentloff er nær ved å drukne. Men han blir fiska opp av havheksa RÅN, og får sommerjobb. Han skal levere to døde medpassasjerar i det norrøne dødsriket NIVLHEIM.
På vegen møter han grusomme hindringar. Han må passere Pestmonsteret GRENDEL, slangen NIDHOGG som lever av MORDERSPØKELSER, den enorme vakthunden GARM - og den skranglande SKJELETTGRINDA.
Som første levande menneske i verdenshistoria må han også krysse Dødens Bru GJALLARBRUA og stå ansikt til ansikt med DØDSGUDINNA HEL.

Det hadde sett temmelig svart ut om Tim Brentloff ikkje hadde fått hjelp frå det frekke, men listige ekornet RATATOSK...

OBS!
ADVARSEL frå Forlaget: LESARAR AV DENNE BOKA VIL TILEGNA SEG INNGÅANDE KJENNSKAP TIL MAGI SOM REGULERER LIV OG DØD. ALDERSGRENSE BØR DISKUTERAST

Kjøp: http://www.cappelen.no/main/Katalog.aspx?f=7084&ISBN=9788202224820

Bok nr. 2 "FENRISULVENS FORBANNELSE"

Denne gangen møter Tim Brentloff den tøffe, søte jenta STILI.

Ho er på same alder som han, og har bestemt seg for å bli fotomodell. Men plutselig forsvinn Stili sporlaust etter ein ridetur - hesten vender tilbake med tom sal.
Modig stig Tim Brentloff opp i salen og legg ut på leiting.

Rideturen fører inn i dei mørke grottene til SVARTALVENE. Her får Tim Brentloff eit oppdrag som virker håplaust. Han må ri inn i JOTUNHEIMEN og samle seks gåtefulle ingredienser som Svartalvane skal bruke for å smi magiske lenker, og fange FENRISULVEN. Jotunheimen er full av farer. Her ventar for eksempel FLAMME-JOTNEN SURT, ULVEKVINNA ANGERBODA og to fryktelige MORDERDVERGAR. Med blodig kniv jager dei Tim Brentloff gjennom ulveskogen.

Den vakre, men farlige LOKE prøver på alle måtar å hindre Tim Brentloff frå å finne dei magiske ingrediensene. For Loke har nifse hemmeligheter, og skumle ting å skjule.
Men Tim Brentloff kan ikkje gi opp. Hvis han mislykkes, blir nemlig Stili tvangsgifta med den fryktelige Svartalvsjefen...

OBS!
ADVARSEL frå Forlaget: BOKA INNEHELD FARLIG MAGI, BLANT ANNA EIT ELDGAMMALT SJEKKETRIKS. DERSOM FORMLANE UTTALES FEIL, KAN DET FÅ GRUSOMME KONSEKVENSAR. LES IKKJE BOKA HØGT. ALDERSGRENSE BLIR DISKUTERT.

Kjøp: http://www.cappelen.no/main/Katalog.aspx?f=7084&ISBN=9788202259235

Bok nr. 3 "SKATTEN I DRAGEGROTTA"

Som resultat av ein misforståelse blir Tim Brentloff frakta til VALHALL og Odins skrekkelige SPØKELSESHÆR. Den nærsynte valkyria SIGERDRIVA tar nemlig feil i farten, og trur at Tim Brentloff er død.


Etter nok ein misforståelse blir Tim Brentloff plukka ut som ein av Odins nærmaste menn i jakta på den forheksa ANDVARE-RINGEN. Ringen har hypnotiske krefter, og skal få Fenrisulven til å sove. Saman med Odin og den listige skurken LOKE reiser Tim Brentloff på leiting etter Ringen.
Lykkes ikkje oppdraget, vil Fenris rømma frå holmen der han blir holdt fanga.Ulvemonsteret vil angripa, og sette i gang RAGNAROK. Den fryktelige kampen mellom gudar og naturkrefter, krigen som skal få himmel og jord og dyr og menneske og dragar og spøkelser til å forgå...
Viktige ting står på spel. Ikkje nok med at Jordas framtid må reddast. Tim Brentloff må også redde ei jente i nød.
Nok ein gong må Tim Brentloff setta si lit til gode hjelparar og sin eigen oppfinnsomhet.
Han møter den kreative helten SIGURD FÅVNESBANE, den trollkyndige dvergen ANDVARE og den sleipe smeden REIDMAR.
Han blir jaga av ULVEHERDER mot flaggermusgrotta der den fryktelige DRAGEN FÅVNE vaktar Andvareskatten og Ringen.

Og alt Tim Brentloff har å forsvare seg med, er lommekniven...

OBS:
ADVARSEL frå Forlaget: BOKA INNEHELD TROLLDOMSRUNER OG MAGISKE FORMLAR FRÅ ELDGAMMAL TID. NOKRE AV RUNENE GIR HELTEKRAFT OG STYRKE TIL DEN SOM LES, MEN HER FINNS ÒG EIN GRUFULL FORBANNELSE. FORHÅPENTLIGVIS VIRKAR FORBANNELSEN KUN NÅR DEN MAGISKE RINGEN ANDVARENAUT ER I NÆRHETEN, MEN EIN KAN IKKJE VERA SIKKER... LES ALDRI FORBANNELSEN HØGT. ALDERSGRENSE BLIR VURDERT.

Kjøp boka her